Matiné: Baker Hansen – Chet på Norsk

Korleis kan ein lytte med nye øyre på nokre av dei mest kjente klassikarane frå jazzlitteraturen? Og korleis tolke ein gigant som Chet Baker i ny, norsk kontekst?

Baker Hansen har sidan 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar, baserte på musikken som Chet Baker spelte. Historiane er tidlause og velkjente, men tekstane er omarbeidd til norsk og framførte på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss – og konsertane vert ei øyreopnande oppleving som publikum på omkring 200 konsertar i Noreg og Sverige kan fortelje om.

Bandet slapp nyleg deira tredje album, «Live i Oslo», på Jazzland Recordings. Gjer deg klar for ein medrivande kveld med swing og språk i høgsetet!

«Dette er musikk, en innpakning og framføring av den som gjør at du sovner med et bredt smil om munnen når du seinere har lagt deg»
Johan Hauknes

Sigurd Rotvik Tunestveit – song, gjendiktingar
Thomas Husmo Litleskare – trompet
Kjetil Jerve – piano
Tore Flatjord – trommer
Stian Andreas Andersen – kontrabass
www.chetpaanorsk.no

Arrangør:

Asker kulturhus

Kontakt oss

baker hansen

Billetter

Pris
  • Ordinær: kr 150,-
Multisalen, Asker kulturhus Kart markør Strøket 15A, 1383 Asker
Del ditt arrangement